Andreas Løken Taklo klaver

Andreas Løken Taklo

Andreas Løken Taklo byrja som niåring å spele piano ved kulturskulen i Florø. Då han var femten år fekk han Elena C. Sirnes som lærar, og interessa for spelinga og klassisk musikk kom fort. Ho tok han med på pianokonkurransar i Russland, Tyskland og Italia, der han har vore prisvinnar fleire gongar. Konkurransane resulterte i solistoppdrag med orkester i Italia og solokonsertar i Paris og München. I tillegg har han spelt fleire solokonsertar i Russland, og i heimlandet. 17. mai i 2016 var Andreas solist i Grieg sin klaverkonsert med Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda.

I 2017 starta Andreas å fordjupe seg i Johannes Haarklou sin musikk. Under Gloppen musikkfest same år var Andreas solist med andre sats frå Haarklou sin klaverkonsert med ein sinfonietta frå Kringkastingsorkesteret. I november arrangerte Andreas den aller fyrste Haarkloufestivalen, ein festival dedikert til Johannes Haarklou sin musikk, der han òg var ein av hovudutøvarane.

Andreas har ein master i utøvande musikk frå Barratt Due musikkinstitutt i Oslo, der han hadde den tyske pianisten Michael Endres som lærar.