Annika Synnøve Beinnes sopran

Annika Synnøve Beinnes

Annika er 15 år og kjem frå Vadheim i Høyanger kommune, i Sogn og Fjordane. Ho går i 10. klasse ved Høyanger ungdomsskule.

Annika vart oppdaga som 10-åring då ho i 2011 deltok første gang i MGP lokal som vart arrangert i Florø. Ho deltok i MGP-lokal også dei to neste åra, i 2012 gjekk ho til finalen og i 2013 vann ho konkurransen.
Annika har vore songelev på Førde Kulturskule sidan ho var 11 år. Hausten 2014 deltok ho for fyrste gong på Ungdommens Musikkmesterskap i Bergen, der ho vann 1. pris og kom til den Nasjonale konkurransen i Oslo. Her fekk ho ein fin 2. pris. I januar 2015 fekk Annika turnere med Bergen Filharmoniske Orkester og fekk opptre både i Grieghallen, I Førde og i Sogndal med Latterarien/Mein Herr Marquise. I mars same år deltok ho i SOFORK sitt prosjekt Musikk fra de store musicaler.
Annika mottok Drømmestipendet i juni på kr 10.000. Hennar draum er eigentleg todelt; å få vere med å i produksjon og vokal på ein hitlåt, samt få opptre med eit orkester i ryggen og få synge på ein stor scene. I juli var Annika så heldig å få opptre på NRK sitt Sommeråpent frå Høyanger, der ho høsta stor applaus for si framføring av ”Sommernatt ved fjorden”.

Annika starta i haust som elev ved Griegakademiet sitt program for unge talent, GUT.