Eivind Kandal tenor

Eivind Kandal

Eivind Kandal (f. 1986) kjem frå Sandane i Sogn og fjordane. Han byrja å jobbe med song medan han gjekk på Karmøy folkehøgskule. Der hadde han Jostein Myklebust som hovudlærar. Dei neste 4 åra tok han, parallelt med anna
utdanning, private songtimar i Oslo med Amelie Aldenheim som hovudlærar. Han studerer for tida utøvande klassisk song med operaspesialisering ved Noregs Musikkhøgskule og Operahøgskulen i Oslo under Professor Barbro Marklund Pêtersone.

Eivind har dei seinaste åra vore med på å framføre alt frå nyskriven norsk opera til barokk kyrkjemusikk.