Hallvar Djupvik tenor

Hallvar Djupvik
Hallvar Djupvik (f. 1985) er frå Tomrefjord i Møre og Romsdal, og er utdanna fra konservatoriet i Kristiansand og Operaakademiet i København. Han har delteke som aktør innanfor forskjellige musikalske genrar dei siste åra, med hovudvekt på klassisk musikk og opera. Hallvard har vore solist med repertoir frå forskjellige delar av operalitteraturen i konsertsamanheng, samt at han har vore med på operaframsyningar og oppføringar av kyrkje- og kammermusikalske verk. Hallvar har også vore tilknytta koret til Den Norske Opera og Ballett. I 2007 vart han tildelt Sparebanken Møre sitt Gnist-stipend og Romsdals Fellesbank sitt Tæl-stipend. Han fekk 3. pris i ”Unge talenter på Sørlandet” i 2008 og vart med dette beste songar i konkurransen.