Julie Sofie Reite

Sanger
Image

Julie Sofie Reite er 23 år og kjem frå Lauvstad, ei lita bygd i Volda kommune. Ho har sidan barneskulen dansa jazz og hiphop på Ørsta og Volda ballettskule. Etter tre år på musikklinja i Volda, gjekk ho eit årsstudium i Drama og Teater på Høgskulen Volda og var med i fleire kor. Samtidig som ho studerte på høgskulen, blei ho plukka ut til som ein av ni songarar til å vere med i eit talentprogram i klassisk song på Operaen i Kristiansund. Våren 2019 fullførte ho ein 3-årig bachelorgrad i musikk/song, dans og teater på Musikkteaterhøyskolen i Oslo. For augneblinken er Julie på turné med Nordland teater si oppsetjing «Ei hand å Holde i» der ho spelar den unge sesongarbeidaren Gunn. Musikalen er basert på Trygve Hoff sin musikk og har si urpremiere 11. januar på Nordland Teater.

Konserter