Kristin Mulders mezzosopran

Kristin Mulders

Kristin Mulders (f. 1978) vaks opp i Norheimsund. Som 19 åring byrja ho studiar i piano og song ved Wartburg College i Iowa, USA. Etter avlagde eksamenar i begge disiplinar, heldt ho fram sangstudiane ved Griegakademiet, Institutt for musikk, med Harald Bjørkøy og Hilde Haraldsen Sveen som sine pedagogar. Som hovudfagsstudent i utøvande song ved Griegakademiet (2002-2004), fordjupa ho seg m.a. i G.Rossini sin musikk, og hadde i høve dette fleire studieopphald i New York og Italia.

I seinare tid har Kristin ved ulike høve vore engasjert i prosjekt i New York, turnert i Kina, samt gjort fleire opptredenar for norsk TV og radio.Våren 2005 var ho solist med Bergen Filharmoniske Orkester, og vert elles mykje nytta som solist i kyrkjemusikalske verk, t.d. som solist i Händels Messias med dirigent Eivind Gullberg Jensen og i Mendelssohn-oratoriet Elijah i Savannah, USA i 2007. Av andre engasjement kan nemnas skulekonsertar i Sunnhordaland med Trio Femine, konsert i Gamle Logen under Oslo Operafestival og sumarkonserter på Troldhaugen og i Stavanger Konserthus.

Ho har motteke ei rekke stipend, m.a. etableringsstipend frå Bergen Kommune.