Nora Oleanne Sårheim sopran

Nora Oleanne Sårheim

Nora Oleanne Sårheim har sin bachelor- og mastergrad ifrå Griegakademiet –institutt for musikk ved UiB, og er no inne i sitt siste studieår på masterutdanninga i opera ved Operahøgskolen ved Kunsthøgskolen i Oslo.  Som ein del av masterstudia i Bergen, laga ho forestillinga ”Cleopatra –utan følge”; ei soloforestilling basert på Händel sin opera ”Giulio Cesare in Egitto”.  Nora Oleanne var initiativtakar til OperaKysten i Florø, og song rolla som Madame Borchgrevinch i oppsettinga deira av ”Der Schauspieldirektor” i 2016.  I Oslo var ho å sjå som Donna Anna i Operahøgskolen si oppsetting av ”Don Giovanni” på DNO&B og som Susanna i forestillinga ”Figaros natt til første – verdens første russeopera!” i 2017.

Nora Oleanne vil også vere å sjå som Contessa i Operahøgskolen si oppsetting av ”Le Nozze di Figaro” på DNO&B i mars 2018.