Øyvind Kleppe tenor

Øyvind Kleppe
Øyvind Kleppe er oppvokst på Tysnes. Han har gått på musikklina på Stord, og eitt år på Toneheim Folkehøgskule. Han har sunge nesten heile livet, men då mest innan pop/rock sjangeren. Han er per dags dato vokalist i bandet Symra.
Då han byrja på Toneheim Folkehøgskule, fekk han Matthew Mark Marriott som songpedagog, og byrja å interessere seg for, og fokusere på klassisk song. Han går på bachelorstudium i klassisk song ved Universitetet i Stavanger.