Louise Engeseth

Sopran
Image

Louise Engeseth er 24 år gammal og kjem frå Volda på Sunnmøre. Etter ein fireårig bachelorgrad i klassisk song ved Griegakademiet i Bergen med Hilde Haraldsen Sveen, fullførte ho nyleg mastergraden sin i klassisk song ved Norges musikkhøgskole i Oslo der ho gjekk med Ann-Helen Moen. Til hausten ventar eit nytt kapittel når ho byrjar ved Operaakademiet ved Operaen i København.

Ho var éin av fem songarar som vart plukka ut til Operaakademiet 2023/24, eit mentorprogram for unge utøvarar under 25 år, arrangert av Dronning Sonja Internasjonale Musikkonkurranse (QSSR).

Med fleire oppdrag for institusjonar som Bergen Nasjonale Opera, Stavanger Kammermusikkfestival, Opera Nordfjord, Sunnmøre Kammermusikkfestival og Festspillene i Bergen, har Engeseth allereie opparbeidd seg solid erfaring som konsertsongar. Ho har tolka fleire sentrale operaroller, inkludert Susanna og Barbarina i Mozarts Le Nozze di Figaro, Inga Li i Magnar Åms Kimen, og Første nymfe i Dvořáks Rusalka. Denne sommaren debuterte ho òg i rolla som prinsesse Pamina i Mozarts Die Zauberflöte. Under same festival, Midtåsen kulturfestival, heldt ho fleire konsertar. Eit høgdepunkt var utvilsamt konserten i Sandar kyrkje med pianisten Christian Ihle Hadland, der dei framførte Dvořáks Bibelske songar op. 99.

Engeseth blei og plukka ut til masterklass med Lise Davidsen (2023) og Joyce DiDonato (2025) under Festspillene i Bergen. I januar 2024 vart ho tildelt Kappelborg Skagen talentpris, utdelt av Susanna Eken og Anne Margrethe Dahl.

Image
26
september
kl 19:00

Oslo Operafestival – Czardasfyrstinnen

Gamle Munch
2025