Tenor
Endre Aaberge Dahl er tenor og kjem frå Sogndal. Han har bachelor i klassisk song frå NTNU institutt for musikk i Trondheim, og master i opera frå Kunsthøgskulen i Oslo, samt Scuola di musica di Fiesole i Firenze.
Sesongen 22/23 har han mellom anna sunge rollen som Uriah i David and Bathsheba av Ståle Kleiberg med Trondheim symfoniorkester og opera, Reinert i Heksehammeren av Ragnar Rasmussen med Trondheim symfoniske operakor, og Elskaren i Amelia går på ball av Gian Carlo Menotti med Moderna operan i Eskilstuna i Sverige. Han har motteke stipend frå Tom Wilhelmsens stiftelse og Kulturrådet.