Tenor
Steffen Siggervåg Sortland frå Bømlo, er ein av Opera Rogaland sine praktikantar. Han har vore med i fleire av Opera Rogaland sine prosjekt. I 2017 var han med i koret når Den Norske Opera kom til Stavanger med Barbereren i Sevilla, og i oktober 2018 tok han del i masterclassen og var solist på gallakonserten i forbindelse med Arctic Opera Festival i Tromsø. Steffen har også hatt rolla som Erster Gefangener i Stavanger Symfoniorkester og Opera Rogaland si oppsetjing av Fidelio. Hausten 2022 skal han gjere rollene Le Remendado i operaen Carmen, og Melot i Tristan und Isolde.