Nora Oleanne Sårheim sopran har sine mastergrader ifrå Griegakademiet –institutt for musikk ved UiB, og Operahøgskolen ved Kunsthøgskolen i Oslo. Som ein del av masterstudia i Bergen, laga ho forestillinga ”Cleopatra –utan følge”; ei soloforestilling basert på Händel sin opera ”Giulio Cesare in Egitto”. Nora Oleanne var initiativtakar til OperaKysten i Florø, og song rolla som Madame Borchgrevinch i oppsettinga deira av ”Der Schauspieldirektor” i 2016. I Oslo har ho vore å sjå som Donna Anna og Contessa i Operahøgskolen sine oppsettingar av ”Don Giovanni” og «Le Nozze di Figaro» på DNO&B, så vel som Fiordiligi i Cosi fan tutte under Oslo Operafestival 2019. Hausten 2018 stifta Nora Oleanne OratorieSolistene og er sopransolist og kunstnarleg ansvarleg for denne kyrkjemusikalske gruppa.